Developer(s)
Publisher(s)
Release year
1986Releases
Series
King's QuestAge rating
7 and aboveGame mode(s)
No modes definedLicense
AbandonwareI det tredje eventyrspillet i King's Quest-serien møter vi Gwydion - slave av Manannan; en ond trollmann. Gwydion må finne en måte å flykte fra huset og oppdage hans egentlige identitet.
Published: 12.12 2008 by Oldtree
Screenshots
Me reisar tilbake til Daventry for å besøkja Kong Graham att i oppfyljaren, King\'s Quest III: To Heir is Human, eller gjer me det? For når spelet startar er me plutseleg i landet Llewdor og hjå den stakkars slaven Gwydion. Han er den siste av ein serie gutar som den onde trollmannen Manannan har stole langvegs frå. Desse gutane trenar han opp til å gjere alle slags daglegdagse ting han ikkje vil nedverdiga seg til å gjera sjølv. Men etter kvart som gutane veks opp så vert nyskjerrigheita vekt i dei og dei startar å snoka i ting og trylleformularar dei ikkje burde tøyse med. Dette tek ikkje Manannan så lett på og drep dei før dei vert 18 år gamle. Dermed er han nøydt til å stjela ein ny liten unge på eitt år og trena han opp på nytt. Og slik pågår det kvart 17. år.
Når me så entrar denne historie så går det mot vår helt, Gwydion, si 18. bursdag. Han har dimed ikkje så lenge att å leva og det er di oppgåve å hjelpa han. Dette verkar serdeles håplaust, for rundt kvart femte minutt kjem Manannan og befalar deg til å gjera noke, anten det er å fôre hønene utanfor huset eller å tømme potta ved sengi. Og gjer du ikkje som han seier eller driv med noko mystisk når han kjem, ja, då er det ute med deg. Men eit glimmer av håp dukkar opp når trollmannen seier han skal på ferie. Då har du rundt 25 minuttar til råde for å lage ein utspekulert felle.
Og det er her klokka, som du sikkert har lagt merke til, kjem inn. Han hjelper deg med å passa på at du ikkje er ein plass du ikkje skal vere eller ber på noko du ikkje har lov til når trollmannen returnerar. Men meir enn dette nyttast han ikkje til. Anna enn å hjelpa deg med å ha oversikten over kor lenge du har spelt.
For å ta knekken på Manannan kan eg seie såpass at du bør sloss eld med eld og manualen har ein peikepinn på korleis du skal gjera dette. Han inneheld sju trylleformularar som står skriven i Manannan si tryllebok. Dette er dei gamle dagar sitt svar på kopibeskyttelse, dvs at du er nøydt til å ha manualen (kjøpt spelet) for å komma deg vidare i spelet. Sidan manualen ikkje er så lett å få tak i lenger, så har me lagt eit lite utdrag av han i pdf format med rar fila du kan lasta ned. Dermed er det ingenting anna enn vanskelege gåtar som kan hindra deg i å spela gjennom spelet. Men om du sit fast er det berre å spørje etter hint på vårt forum.
Når du spelar så gjer du det på nett same metode som i dei to førre, dvs at du styrar Gwydion rundt med piltastane (i åtte retningar) og skriv inn med tastaturet kva karakteren din skal gjera. Dette passer kanskje ikkje for dei aller fleste, men med litt trening burde det funke bra for ein kvar. Interaksjonane er store for denne typen spel og det er lagt inn mange humoristiske kommentarar dersom du går på jakt etter dei. Hovudsakleg så kjem du til å bruka kommandoen sjå, ta og diverse formar for bruk (Look, take, use/...)
Dersom du har spelt dei to forgjengarane til King\'s Quest III: To Heir is Human, så ser du lett at dei framleis nyttar den same grafikkmotoren, AGI (Adventure Game Interpreter), som dei har nytta i dei to andre. Men to år etter fyrste spelet så visar dei at dei mestrar han godt og skjermane som du kan vandre rundt i er tettpakka med natur og objekter i flottaste pixelgrafikk. Dessverre så vil AGI motoren, som alle grafikkmotorar, ha sine begrensingar og dette er det siste spelet i serien som nyttar han.
Gjennom spelet så vil du kunne høyra små melodiar som er lagt til når noko særskild skjer, slik som at du vert jaga av røvarar eller blandar ihop ein magisk trylledrikk. Ein generell bakgrunnsmusikk manglar, men dei små snuttane gjer nok til atmosfæren. I tillegg så har du alle dei gode gamle Sierra lydeffektane som er nytta, mange av dei når du døyr.
King\'s Quest III: To Heir is Human følar eg er ein av dei betre i serien. Han har alt frå magi og tre-hovuda dragar til piratar og kongar. Så om du har spelt Kong Graham sine eventyr og vil sjå kva samanhengen til dette spelet er, eller berre vil kasta deg ut i Gwydion sitt eventyr og redda han så er det berre å lasta ned og prøva det ut. Og når du er ferdig så er du nok klar til neste bidrag i serien, King\'s Quest IV: The Perils of Rosella.
PS: Manualen kan du få lasta ned på denne sida. Då får du magioppskriftane i sjarmerandes handskrift.
King's Quest series (5 games)
Games in this series are listed in chronological order of release (year).
King's Quest: Quest for the Crown (1984)
King's Quest II: Romancing the Throne (1985)
King's Quest III: To Heir is Human (1986)
King's Quest V: Absences Makes the Heart Go Yonder! (1990)
King's Quest VI: Heir Today, Gone Tomorrow (1992)
There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add one! Login to get started.
Buy King's Quest III: To Heir is Human
Notes:
Some links may be affiliate links, in which we receive a comission without any extra cost to you. Any proceedings are used to fund The Retro Spirit - Since 1832™ project. We are not endored nor paid to link to any particular outlet. We try linking to sources that honor the developers and users alike.Contribute to King's Quest III: To Heir is Human
Help build the ultimate source for old games by adding new content for this game page.
Login to contribute. No account? Create one today!
Contributors gain additional site functionalities like access to extra content and much more!